Gottmann samlivskurs i Norheimsund!

andrew-welch-PRl1i2MaFGc-unsplash.jpg

Fjorårets kurs med 16 par som deltok, fekk svært gode tilbakemeldingar! På dette kurset får du sette deg ned i ro og fred i lag med partneren din. Det blir undervising av erfarne kurshaldarar, som sjølve har blitt inspirert av Gottman. Under oppgåvedelen får du god tid til å prate saman med din kjære (ingen gruppesamtalar)! Behagelig bakgrunnsmusikk høyrer også med, for å skape ein god atmosfære og for at ein skal kunne prate utan at "naboen" høyrer noko!

NÅR: Helgesamling: Fredag 10.sept kl 19-21.30 og lørdag 11.sept kl 10-13.

3 kveldssamlingar: Torsdag: 23.sept., 7.okt. og 21.okt. Kl 19-21.30.

KOR: Amfisalen Norheimsund skule.

Opplegget består i at erfarne kurshaldarar underviser i ulike tema. Og "Tid-for-2", der du samtalar med din kjære om temaet ut frå eit kurshefte. De får livssynsnøytral undervisning om sentrale samlivstema.

Kurset passar for alle par, i alle aldrar. Kurset er ein heilhet, og påmelding og pris gjeld alle samlingar.

Kurset er ikkje behandling for alvorlege samlivsproblem.

PRIS: kr 1400 per par (inkludert 2 deltakarhefter, boka "Hemmelighetene bak et lykkelig parforhold" og enkel bevertning).

KURSHALDARAR / INSPIRATORAR:

Irene og Øystein Elgen: Irene og Øystein har vore gift i 38 år, har 3 barn, 5 barnebarn. Irene er barne/ungdomspsykiater og barnelege, Øystein voksenpsykiater. Dei har i meir enn 20 år utvikla og holdt samlivskurs.

Margreta og David Myklebust: Margeta og David har vore gift i 12 år, har 4 barn i alderen 2,5-11 år. Margreta er lærar og David er fastlege. Dei har erfaring med samlivsundervising og kurs.

Marta og Fredrik Gravdal: Marta og Fredrik har vore gift i 16 år, og har 4 barn i alderen 3,5-12 år. Marta er lærar og Fredrik jobbar som byggjeleiar. Dei har erfaring med samlivsundervising og kurs.

PÅMELDING:

Ta kontakt med Marta Gravdal tlf 957 00 418. Eller på mail: martagravdal@gmail.com. Husk å oppgi tlf nr, og gi beskjed om evt. matallergiar etc

Kurset er godkjent og støtta økonomisk av Barne-, ungdoms- og familiedirekoratet (BUFdir).

NÆRARE BESKRIVELSE AV KURSET:

Kurset gir dykk innsikt i dei viktigaste faktorane som byggjer sterke samliv, basert på verdas mest omfattande forsking på området. Kurset gir deg anledning til å øve med partneren din på vanar som kjenneteiknar par som held saman. Omfattande forsking blir presentert i eit enkelt språ̊k og gir dykk god tid til samtalar og øving i vanar som forsking har vist virkar. Ingen gruppesamtalar, "kun" Tid-for-2-samtalar undervegs med din kjære. Til saman 12 timar opplegg med undervisning og Tid-for-2.

Kursboka av John Gottman "Hemmelighetene bak et lykkelig parforhod" kan gjerne lesast på førehand, men ikkje noko krav. Den blir delt ut til kvart par 1. kursdag.

DE LÆRER:

  • Styrke kjennskap til kvarandre

  • Byggje venskap og tillit

  • Gjenkjenne og kome i møte invitasjonar til følelsesmessig kontakt

  • Vera åpen for innflytelse

  • Utvikle ferdigheiter til å arbeide med både løysbare og vanskelige problem

  • Komme vidare gjennom fastlåste konfliktar

  • Korleis bygge «vår historie», støtteroller, felles verdiar og mål

Les meir om samlivskurset og Gottman her:

www.solidesamliv.no/kurs-og-foredrag/

https://www.gottman.

Previous
Previous

Samliv på service - samlivshelg ved Hallingskarvet 3.-6. juni 2022!

Next
Next

Jakten på kjærligheten!