Gottman samlivskurs i Norheimsund hausten 2020

Nå har de moglegheit til å ta samlivet på service, og få nokre gode tips for å bygge ein betre relasjon. "Gode samliv kan bli betre". Du set bilen på service. De er smarte om de gjer det samme med livet saman. (som er mykje meir komplisert enn nokon bil). 

shutterstock_180666416.jpg

Opplegget består i at erfarne kurshaldarar underviser i ulike tema. Og "Tid-for-2", der du samtalar med din kjære om temaet ut frå eit kurshefte. Det er ingen plenumsamtale eller deling med andre par i gruppe etc.  De får livssynsnøytral undervisning om sentrale samlivstema. 

Kurset passar for alle par, i alle aldre. Kurset er ein heilhet, og påmelding og pris gjeld alle samlingar.
Kurset er ikkje behandling for alvorlege samlivsproblem. 

NÅR: Helgesamling: Fredag 11.sept kl 19-21.30 og lørdag 12.sept kl 10-13. 
3 kveldssamlingar: Tysdagane 22. sept., 29.sept. og 13. okt. Kl 19-21.30.

KOR: Amfisalen Norheimsund skule.

PRIS: kr 1000 per par (inkludert 2 deltakarhefte og boka "Hemmelighetene bak et lykkelig parforhold", og enkel bevertning).

KURSHALDARAR / INSPIRATORAR:

Irene og Øystein Elgen
Irene og Øystein har vore gift i 38 år, har 3 barn, 5 barnebarn. Irene er barne/ungdomspsykiater og barnelege, Øystein voksenpsykiater. Dei har i meir enn 20 år utvikla og holdt samlivskurs.

Margreta og David Myklebust
Margeta og David har snart vore gift i 12 år, har 4 barn i alderen 1,5-10 år. Margreta er lærar, for tida heimeverande, David er fastlege. Dei har erfaring med samlivsundervisning og kurs.

Marta og Fredrik Gravdal
Marta og Fredrik har snart vore gift i 16 år, og har 4 barn i alderen 2,5-11 år. Marta er lærar, for tida heimeverande, Fredrik jobbar som byggjeleiar. Dei har erfaring med samlivsundervisning og kurs.

PÅMELDING: Ta kontakt med Marta Gravdal tlf 957 00 418. Eller på mail: martagravdal@gmail.com. Husk å oppgi tlf nr, og gi beskjed om matallergiar etc

Kurset er godkjent og støtta økonomisk av Barne-, ungdoms- og familiedirekoratet (BUFdir).

NÆRARE BESKRIVELSE AV KURSET:
Kurset gir dykk innsikt i dei viktigaste faktorane som byggjer sterke samliv, basert på verdas mest omfattande forsking på området. Kurset gir deg anledning til å øva med partnaren din på̊ vanar som kjenneteiknar par som held saman. Omfattande forsking blir presentert i eit enkelt språ̊k og gir dykk god tid til samtalar og øvelse i vanar som forsking har vist virkar. Ingen gruppesamtalar, "kun" Tid-for-2-samtalar undervegs med din kjære. Til saman 12 timar opplegg med undervisning og Tid-for-2.

Kursboka av John Gottman "Hemmelighetene bak et lykkelig parforhod" kan gjerne lesast på førehand, men ikkje noko krav. Den deles ut til kvart par 1. kursdag.

De lærer:
Styrke kjennskap til kvarandre
Byggje venskap og tillit
Gjenkjenne og imøtekome invitasjonar til følelsesmessig kontakt
Vera åpen for innflytelse
Utvikle ferdigheiter til å arbeide med både løysbare og vanskelige problem
Komme vidare gjennom fastlåste konfliktar
Korleis bygge «vår historie», støtteroller, felles verdiar og mål

Les meir om samlivskurset og Gottman her:

https://www.gottman.com/

www.solidesamliv.no/kurs-og-foredrag/

Previous
Previous

Førstehjelp på hjemmebane -inspirasjon til samlivet!

Next
Next

Samliv på service - samlivshelg ved Hallingskarvet 21.-23.8.2020